Interkommunalt arkiv for Buskerud, Vestfold og Telemark IKS

En kilde til kunnskap

  • Teikningar på vandring - Frå Bolteløkken skole til kyrkjebygda i Uvdal

    I lag med arkivmaterialet frå nyeskulen i Uvdal dukka det opp to hefter med teikningar frå Bolteløkken skole i Oslo, datera 1928 og 1930. Korleis hadde desse heftene komi seg frå storbyen til fjellbygda Uvdal? Teikningane av tenner, tannpussing og tannlækjarar er laga av 5., 6. og 7. klasse ved Bolteløkken skole. Vi ser av eit vedlagt brev at det med «fornøielse» er sendt av overlærar Herman Trætteberg til styraren for skuletannklinikkane i Oslo i 1930, Dr. Johan Brun.

    Gardssoga for Uvdal fortel: «I 1909 kom ein tannlege frå Oslo til Uvdal på leiting etter ein høveleg feriestad. I fleire år hadde han søkt og sett seg om, i Gudbrandsdalen, Valdres og Hallingdal, men då han kom til Lunda, var han ikkje i tvil.» Det er truleg at det er Johan Brun sjølv som har sytt for at elevteikningane hamna i Uvdal. Verdottera Brita Bøckmann Brun var lærar ved skulen i Kyrkjebygda frå 1920 til 1951. Det er kanskje gjennom henne at teikningane til osloelevane har kome inn i skulen. Då den nye sentralskulen nordom nyekyrkja vart teke i bruk hausten 1965 følgde arkivet til grendeskulane etter. Og då arkivet til Nore og Uvdal kommune vart deponera til Interkommunalt arkiv på Kongsberg i 2015 var dette med på lasset. Vedlagt låg eit ark med store spørje- og utropsteikn. Kva gjorde teikningane frå Bolteløkken i Uvdal?

    Ein kopi av teikningane og deira livssoge er no sendt til Oslo byarkiv.

     

    Bjørn Ole Hovda