Interkommunalt arkiv for Buskerud, Vestfold og Telemark IKS

En kilde til kunnskap

21. september 2018

Digitalisering av historiske kjelder

IKA Kongsberg er no i gang med å digitalisere særleg sentralt og interessant arkivmateriale innanfor eigartilskotet. Denne prosessen vil gå nokså sakte (men sikkert) - ettersom kor mykje ressursar ein til ei kvar tid kan avsetja. Vårt fyrste mål er at alle møtebøkene til formannskapa fram til om lag år 1917 skal digitaliserast. (Dei eldste formannskapsmøtebøkene inneheld som regel òg kommunestyremøta). Per 21.09.2018 er arbeidet med å skanne møtebøker byrja for kommunane Gol, Hole, Nissedal, Seljord, Hol, Kongsberg, Rollag, og Vinje. Fleire kommunar stend for tur. For å følgje med - gå til: http://digital.ikakongsberg.no/

 

Ja, det skyt ikkje fram, so det dunar

(som no ingen kann undrast uppaa);

men det munar daa jamt, ja det munar,

so det stundom er Hugnad aa sjaa.   

Ivar Aasen

 

 

Tilbake