IKA Kongsberg støttar arbeidet til Arkivarar utan grenser

Under årets arkivleiarseminar valde IKA Kongsberg å gi ei gåve til den ideelle organisasjonen Arkivarar utan grenser – eit initiativ som arbeider for internasjonal solidaritet på arkivfeltet. Gåvekorta vart delte ut til foredragshaldarane som ei markering av vårt ønskje om å støtte eit viktig og nyetablert arbeid i arkivsektoren.


June Wahl overrekkjer gåvekortet til Hans-Petter Sandvik under arkivleiarseminaret.

I samband med gåva tok vi kontakt med Lars F. Smaaberg, rådgjevar og styreleiar i Arkivarar utan grenser, som delte litt om arbeidet organisasjonen gjer – både i Noreg og internasjonalt.

Kva er Arkivarar utan grenser, og korleis arbeider de?

«Arkivarar utan grenser er ein ideell organisasjon som jobbar for internasjonal solidaritet på arkivfeltet. Vi jobbar for å tryggje arkiv der dei står i fare, bidra til at arkiv blir skapt i tilfelle der det er naudsynt for å byggje demokratiet, samt å dele informasjon og kunnskap om arkiv.

Vi er ein nyetablert organisasjon, så vi har eit styre som er samansett av arkivtilsette frå heile landet og frå ulike delar av arkivsektoren, som stat og kommune, og museum. Alle i styret arbeider frivillig for sakene vi trur på, og for tida er fokuset mest å gjere det mogeleg å engasjere medlemsbasen vår.»

Kva prosjekt arbeider de med no?

«Vi har nokon spennande prosjekt på gang, samstundes som vi er opne for nye prosjektforslag. Til dømes er vi involvert i å ivareta og digitalisere arkiv etter den palestinske kunstnaren Ayman Alazraq i samarbeid med Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek. Vi har også fått donert ein mikrofilmmaskin og skrivar som blir sendt til Beirut i disse dagar.

Som del av den internasjonale organisasjonen Archives Without Borders International, har vi nett knytt oss til eit stort nettverk av arkivarar med same mål og funksjon, mest i Europa, Afrika og Sør-Amerika. Det er veldig interessant, og vi gler oss til å sjå kva dette samarbeidet kan bringe fram.»

Kva betyr bidrag som gåva frå IKA Kongsberg for dykkar arbeid?

«Bidrag og donasjonar, som gåva vi har fått av IKA Kongsberg, betyr utruleg mykje for oss. Vi er ein heilt nyetablert organisasjon. I 2025 har vi fått det fyrste formelle styret sidan 2012. Vi har difor ikkje stabil finansiering enno. Gåver og donasjonar gjer at vi har mogelegheit til å byrje å gjennomføre prosjekt, samstundes som styret gjer det langsame styrearbeidet med å søkje midlar, etablere strukturar, og etablere gode samarbeidsrelasjonar.»

Kva er prioriteringane framover?

«Framover i Arkivarar utan grenser skal vi jobbe mot tre hovudmål. Det fyrste er å etablere ein inkluderande organisasjon som gjer det mogleg for medlemmar å engasjere seg for formålet vårt om ei betre arkivverd. For det andre vil vi breie ut og søkje gode samarbeid for å få bygd gode og langsiktige prosjekt, samstundes som vi jobbar for det tredje, strategisk mot ein stabil finansiering av organisasjonen.»

Lars F. Smaaberg, foto: Christian André Strand

IKA Kongsberg takkar Lars for intervjuet, og vi ser fram til å følgje utviklinga til Arkivarar utan grenser vidare.