Fritt Norge, 9.april 1945. Ekstrautgave. 1. Fra kl. 24 8. mai er tyskerne å betrakte som krigsfanger. Fra samme tidspunkt tre norsk sivil-administrasjon i virksomhet. Avisutklipp

Frigjeringa av kommunane

Tekst: Bjørn Ole Hovda, Magnus Klausmark og Nils Olav Berge-Rekkedal ved Interkommunalt arkiv for Buskerud, Vestfold og Telemark (IKA Kongsberg)
Teksten vart opphaveleg skriven i 2020, i samanheng med 75-årsjubileet for frigjeringa.

I høve frigjeringa har arkivarar ved IKA Kongsberg skrive ein tekst om frigjeringa av kommunane i 1945. Her kan du lesa om korleis kommunane vart del av statsdiktaturet, og kva som skjedde i kommunane etter den 8. mai 1945. Har du høyrt om makspris på smørbrød og brudekjolar, eller kanskje du kunne tenkje deg eit «herrelaust» radioapparat?

Krigstida – Då kommunen vart del av statsdiktaturet

I si moderne form har Noreg hatt demokrati på lokalplan sidan formannskapslovane i 1837. Dette berre med eit dramatisk brot på litt over 4 år under okkupasjonen. Kommunane vart då sentralstyrde av nazi-staten. Det fascistiske førarprinsippet vart innført på lokalnivået frå 1941. Ordføraren som til då hadde vorte vald av kommunestyret, vart no ombytt med ein ordførar innsett av Innanriksdepartementet. Det er tydelege spor i arkiva av at folkestyret vart avskaffa. «Ordførarens vedtaksbok» fekk same maktstatus som det møteboka til kommunestyret hadde hatt tidlegare. Det fanst andre styre, råd og utval under okkupasjonen, mellom anna det såkalla «Herredstinget», men desse var òg utnemnde ovanfrå og hadde berre ei rådgjevande rolle. Ein person skulle gjera vedtaka aleine, og kommuneval kunne ein sjå langt etter.


Kommunane vart ikkje berre nazifiserte i form. Styresmaktene hadde òg eit mål om å byte ut mannskapet med lojale NS-medlemer. Viktigast var det å få sett inn NS-ordførar. Målet var dessutan å byte ut rådmenn og funksjonærar, men her gjekk prosessen saktare, då ein gjerne måtte ta omsyn til kunnskapar og kvalifikasjonar. Sjølv om den nazistiske staten klarte å innføre nyordninga i kommunane utan å møte nokon særleg samla eller uttalt motstand, gjekk i stor grad den kommunale sakshandsaminga vidare etter innarbeidde rutinar og framgangsmåtar. På mange vis arbeidde altså funksjonærane som før. Ja, nokre seier jamvel med glimt i auget at mot ’den kommunale treigskapen’ kjempa sjølv nazistane forgjeves.


Allereie oktober 1940 freista statsmakta å tvinge lærarane til å underteikne ei lojalitetserklæring om «den nye tids krav». Dei nekta på grunnlag av sitt kall og samvit, og samla seg om ei moterklæring. I fyrste omgang trakk staten attende kravet. Dei fleste kommunale tenestemennene vart inspirerte av dette og protesterte med same erklæring som lærarane då minister Hagelin i 1940 ville tvinge funksjonærane til å støtte NS «på alle måter». Statens kamp for nazifisering og innsetjing av NS-folk gjekk likevel vidare. Til dømes fekk alle funksjonærane i Kongsberg kommune klar melding om å møte opp då NS-justisminister Riisnes skulle tale i oktober 1941. Dei som ikkje møtte vart ført opp på ei liste. Seinare vart slike møte helde i arbeidstida, slik at det skulle verta vanskelegare å ignorere innkallinga.

No er det i Norig atter dag med vårsol og song i skogen!’ Norig er fritt, er mitt og ditt – Hurra! Foto av kommunestyreprotokoll. Permene er er bundet sammen med tråd som er rød, hvit og blå.
Fridomsglede i kommunestyret: Det er ikkje ofte ein finn utbrot av sterke kjensler eller poesi i møtebøkene til kommunestyra, men her i møteboka frå Seljord heradstyre stend denne overskrifta som me kanskje kan ta som ein prolog til etterkrigstida, truleg skrive av mellombels ordførar Lavrants Rui:
«No er det i Norig atter dag med vårsol og song i skogen!’ Norig er fritt, er mitt og ditt – Hurra!».

Noreg er fritt! Kva no?

Allereie før den tyske okkupasjonsmakta i Noreg formelt kapitulerte den 8. mai 1945 låg det klare planar for kva som skulle gjerast i kommunane. I møteboka til Nissedal heradstyre kan me lesa at dei som hadde vore med i den sivile delen av Heimefronten, visste kva som skulle skje når signalet gjekk. I Telemark sendte den nye mellombelse fylkesmannen ut telegram natta til den 9. mai. Denne vart i Nissedal motteke klokka 02.00. Ordren den nye mellombelse ordføraren fekk, gjekk ut på å ta kontroll over kommunen frå klokka 06.00 same morgon. Ordføraren skulle peike ut personar til å sitja i eit mellombels kommunestyre som skulle godkjennast av fylkesutvalet. Dei nye medlemene måtte, i følgje resolusjonen frå London-regjeringa, ha vist «en fast nasjonal holdning under okkupasjonstiden». Desse kommunestyra var i funksjon til hausten 1945 då det sist valde kommunestyret før krigen overtok og fungerte ut året. Det vart helde nytt kommuneval siste halvdel av 1945. Det nye kommunestyret skulle berre sitje i to år, 1946-47. Etter dette skulle valperiodane få ei lengde på fire år.


Etter frigjeringa byrja arbeidet med å gå igjennom vedtak frå okkupasjonstida for å undersøkje kva som måtte gjerast om. Normalt vart alle offentleg tilsette NS-medlemer oppsagde og ofte straffeforfølgde. I møteboka til heradstyret i Nissedal kan me lesa om det fyrste det mellombelse kommunestyret prioriterte: «Dette styre gjekk så igang med å reinske ut alle nazistar som sat i kommunale stillingar, styrer, utval og råd. Måndag den 14. mai var det nye folk overalt der det i okkupasjonstida var nytta slike som var medl. av N.S. Demokratiet var innført på nytt i kommuna, etter at N.S.-styret hadde vart i 4 år, 3 månader og 6 dagar.».


Denne tida skjedde det mykje i kommuneadministrasjonen, og ikkje alle fekk attende verva dei hadde hatt før okkupasjonen. Dette kunne by på problem, kanskje særleg i distrikta. Sommaren 1945 klaga ein person til kommunestyret i Fyresdal fordi han ikkje vart attvalt i eit verv han hadde hatt under okkupasjonen – dermed vart han stempla som tyskvenleg og unasjonal i bygda, noko han opplevde som svært urettvist.

Mannen fekk ikkje attende dei verva han hadde hatt i 1940, fordi kommunen rett og slett trudde han ikkje hadde ynskje om det. Dermed byrja folk i bygda å prate og sladre. Det var alvorleg for ein som engasjerte seg i lokalmiljøet rett etter krigen å få slikt klagemål mot seg. Mannen skriev: «Har eg gjort noko galt so kom fram med det. Etter som bygdesladderen gjeng skal eg havt for mykje samkvem med nasistar […] Har desværre blitt vald med i ymse styre under okkupasjonstiden, men eg prøva på vera mest mogleg nasjonal.». Vidare skriv han at han har unngått tyskarar så godt det lét seg gjere. Han hadde rett nok delteke i tyskararbeid, men heilt ufriviljug fordi nekting vart rekna som sabotasje. Mannen avslutta brevet til formannskapet med å skrive at «No når vi har fått att eit rettferdigt rettsvæsen, må ein kunde forlange tydelege og klare bevis for at ein har gjort noko galt, og ikkje dømast etter folkerykte».


Overgangen frå diktatur til demokrati i kommunane gjekk altså rimeleg kvikt og effektivt, men som dømet over viser var det òg uro og uvisse hjå folk. I tillegg til oppgjeret med det som hadde vore, låg fokuset sjølvsagt òg på attreising. Samfunnet var på denne tida sterk prega av fellesskapskjensle og framstegstru, men det skorta på ein del materielle varer. Vegen vidare skulle framleis krevja ein god innsats frå det norske folket.

«Leggja godviljen til so bygda og landet pånytt kan koma til å vekse og blomstre»

Desse orda var eit ynskje frå den mellombelse ordføraren i Bø før kommunestyremøtet 11.mai 1945. Det er nok naudsynt med ein god dose godvilje når ein skal attreise eit land frå djup krise. Det er så mange sider ved samfunnsutviklinga som tok ein annan veg enn den planlagde. Staten har sjølvsagt det overordna ansvaret for å styre skuta i rett retning, men på mange måtar er det kommunane som er det næraste forvaltningsnivået for folk flest. Kommunane hadde ansvaret for skulestell, kyrkjebygg og kyrkjegard, sosialstell, helsestell, arbeidspolitikk, bustadpolitikk, næringsliv, samferdsle og tekniske oppgåver, e-verk, forsyning og rasjonering, og mykje anna. Som me ser hadde kommunane eit breitt spekter av oppgåver, og ekstra utfordrande må det ha vore å løyse desse i krisetider.

Samling av rasjoneringskort for sjøfolk, utnistningskort for skogbrukseiere og kjøpekort for kjøtt. De er stilt opp sammen med et stempel og to små glassflasker med svart stempelfarge.
Rasjonering: Ein av oppgåvene til kommunane etter krigen var å setje rasjoneringstiltaka frå staten ut i praksis.


Bak namn som forsyningsnemnda, rasjoneringsnemnda, prisnemnda, byggenemnda, kabelnemnda og vedutvalet skjuler det seg eit apparat som arbeidde under og etter krigen for å tryggje dei grunnleggjande behova til innbyggjarane. Arkiva etter desse og andre nemnder, utval og avdelingar viser sjeldan boblande entusiasme over frigjeringa, men går heller rett på sak for å utføre den funksjonen dei er sett til. Viss ein leitar i dei kommunale arkiva etter avdeling for «Frigjering» og «Attreising etter krigen», så vil du diverre ikkje finne henne. Desse arkiva er samlingar med massive mengder informasjon om administreringa og drifta av ein kommune, og så må forskarar, historikarar og andre prøve å samle og skilje ut informasjon for å finne ut av ulike tema, historier og fenomen.


I juni 1939 vart det vedteke ved lov at alle kommunar i Noreg skulle ha ei forsyningsnemnd, som eit tiltak mot krisa som låg i lufta. Denne skulle ha det overordna ansvar for at kommunen hadde full oversikt over kva som rørde seg kring forsyning av matvarer, brensel og andre naudsynte varer. I tillegg skulle den setje ut i livet dei tiltak dei sentrale styresmaktene hadde sett i verk for å sikre forsyninga. Enkelt og greitt skulle dei passe på at alle innbyggjarane fekk tilgang til viktige mat- og forbruksvarer gjennom rasjoneringstiltak. Ingen skulle få kjøpe meir enn andre. Så kom frigjeringa den 8. mai. Likevel lét ein, som med eit plaster på eit sår, krisenemndene sitje til ein såg at det grodde greitt. Dei fleste rasjoneringstiltaka vart avvikla innan 50-talet.


I tillegg til matvarer, brensel og andre naudsynte varer for dagleglivet, vart kommunane i 1946, òg pålagde av Forsynings- og gjenreisningsdepartementet å ha byggenemnder. Kva betre namn kunne ein vel ha funne for denne nemnda som skulle regulere attoppbygginga av landet? Oppgåva til byggenemnda var å rasjonere byggemateriale og å førebu søknadar om dette frå kommunen. Saman med husnemnda, som skulle vurdere lånesøknader og byggeplanar for bustader og småbruk, kan arkiva herifrå fortelje ein del om den fysiske oppbygginga i etterkrigsåra.


I samanheng med rasjoneringa, vart det òg regulert kva ulike varer og tenester skulle koste. Det var klare og strenge reglar for oppslag av prisar og merking med prislappar. Ei liste frå Tønsberg prisnemnd frå 1949 over maksimalpriser for utleige av bryllaupsklede viser at leige av ein brudekjole av brokade ikkje kunne koste meir enn 42 kroner og 50 øre. I 1952 fekk prisnemnda signal frå bransjen i byen om at det var ynske om høgare priser: «Fru Erlandsen uttaler at det nu er vanskelig med utleie da det er mer å få kjøpt, og til de nuværende priser for nyanskaffelser lønner det seg ikke å fortsette med utleie, særlig etter de nuværende leiepriser.» En annen utalte: «Folk forlanger mere moderne ting, og til de nuværende utleiepriser lar det seg ikke å anskaffe nytt.» Tønsberg priskontrollnemd innsåg at det kunne være noko i dette, sidan tekstilrasjoneringa allereie var avslutta. Dette talde for at folk ville nytte seg mindre av utleige av klede, og at bransjen i større grad måtte kunne regulere seg sjølv.


Frå 1949 hadde herberge og serveringsstader (òg kalla hotell og restaurantar) i Buskerud, Vestfold og Telemark moglegheita til å bestemme prisane på smørbrød sjølv. Året etter ville priskontoret for dei tre fylka ha oversikt over korleis dei hadde bruka fridomen, og om det eventuelt var behov for ein maksimalpris. Kontrollnemnda i Tønsberg laga ein detaljert rapport, og dermed har vi i arkiva ei detaljert liste over smørbrødprisar frå byen i år 1950. Kjekt å ha!

Herrelause og bortkomne radioar

Det er ei kjent sak at mange høyrde på radiosendingar illegalt under krigen, men òg etter frigjeringa spelte radioen ei viktig rolle i informasjonsflyten. Mange hadde vortne nøydde til å levere inn apparata sine under okkupasjonen, og det var eit sterkt ønske om å få dei attende.

Radio fra 1947 i brunt tremateriale, svarte knotter og frekvensviser. Slitt stoff foran høyttaleren.
Radio fra 1947, godt brukt.
Foto: Wolday, Mekonnen. Kommandør Chr. Christensens Hvalfangstmuseum


I tida etter krigen kunne ein søkje til oppgjørsnemnda i kommunen om å få utlevert radioapparat viss det hadde vorte teke under krigen, og ein kunne vise til såkalla nasjonal haldning. I Gjerpen kommune kom det inn 130 søknadar om «herrelause radioar» som vart inndelte i ulike grupper etter behov. Om «Gruppe 1» kan ein lesa:

Denne består av folk som er de absolutt mest trengende. Det er vesentlig eldre og/eller syke folk, som sårt trenger en radio til oppmuntring i tilværelsen, og som på ingen måte har råd til å kjøpe en selv.

Mange eldre sendte inn søknadar. Ei eldre enke skreiv at dei hadde hatt ein eldre Philips-radio som vart innlevert på Borge skole den 11. september 1941 i mannens namn. Over 80 år gammal med berre trygd og 150 kroner i inntekt i året frå eit utleid jordstykke, såg ho seg ikkje råd til å kjøpe nytt, og sette si von til oppgjersnemnda.


Andre sendte ut etterlysning etter det same apparatet dei hadde vortne fråteke under krigen. Kommunesekretæren i Siljan sendte i desember 1945 ei liste over bortkomne radioar og eigarane deira til politikammeret i Larvik. Kanskje radioane hadde hamna i byen? Ein person sakna sin Philips modell 1937 med slitasje ved høgre stillingsskrue. Ein annan fekk aldri att sin Radionette frå reparasjon i 1941, men hadde fått vite at den i februar 1945 var på Victoria Terrasse. Me veit diverre ikkje om eigarane vart sameinte med apparata sine.

Spor i arkiva

Eit fritt Noreg var draumen dei fleste nordmenn fekk oppfylt den 8.mai 1945, men som me veit var det òg ei vanskeleg tid i vente. Etter frigjeringa og mange år framover venta eit stort og variert arbeid på kommunane. Dei tok del i den nasjonale dugnaden med å få landet på rett kjøl, og hadde sine oppgåver å løyse, frå attinnføring av lokaldemokratiet til smørbrødkontroll. Spora frå vegen vidare er mange, men ikkje alle er like djupe og lette å sjå. Dei kommunale arkiva inneheld ein del slike spor, men òg – viss ein brukar litt tid på det – vil ein sjå eit større, meir omfattande bilete av rolla til kommunane i denne viktige tida i norsk historie.

Kjelder

Liv Mykland og Kjell-Olav Masdalen, Administrasjonshistorie og arkivkunnskap. Kommunene, Universitetsforlaget 1987

Inger Bjørnhaug, Norsk kommuneforbund 75 år, band 1 1920-1945 et mangfoldig fellesskap, Tiden 1994

Kongelig resulosjon av 24. mars 1944 om instruks for fylkesmennene m.fl. angående organisasjonen av det foreløpige kommunale styre i Norge.

https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Rasjonering

Orginalteksten med fotnoter kan du lese her.