Utsikt over innsjøen Nisser fra Kyrkjebygda

– IKA Kongsberg har alltid gitt oss gode tenester, om det er små eller store spørsmål

Wenche Grønås har arbeidd med arkiv sidan 2002 og er arkivansvarleg i Nissedal kommune. Ho legg vekt på at gode arkiv inneber ein god dokumentfangst og at arkiva skal forvaltast på ein god måte for tilsette og innbyggjarar.

Arkivleiarane har ei viktig rolle i kommunane. Dei har ansvaret for å sikre at alle dokument og informasjon som blir produsert og motteke av kommunen blir teke vare på og organisert på ein trygg og effektiv måte. Dei har også ansvaret for samarbeidet med eksterne arkivinstitusjonar som IKA Kongsberg. I det daglege arbeidet med våre eigarkommunar er det arkivleiarane vi jobbar tettast med.

I tida framover vil vi presentere fleire av desse arkivleiarane gjennom ni faste spørsmål. Denne gongen er det Wenche Grønås, som er arkivansvarleg i Nissedal kommune. I 2022 budde det 1 414 innbyggjarar i kommunen.

Kvinne med langt, blondt hår og grå ullgenser sitter på huk med fjellgrunn, trær og blå himmel i bakgrunnen.
Wenche Grønås, arkivansvarleg i Nissedal

Kva er din bakgrunn for å jobbe med arkiv i din kommune?

I 2002 fekk eg jobb på skulekontoret i kommunen, og ansvaret for arkiv. Etter kvart blei det meir og meir arkivarbeid. I ein liten kommune som Nissedal har ein ofte mange hattar og arbeidsoppgåver, men hovudoppgåvene har heile tida vore arkivarbeid.

Kva betyr gode arkiv for kommunen og innbyggjarane?

Gode arkiv er å ha god dokumentfangst, og forvalte arkiva på ein god måte for tilsette og innbyggjarar. Slik kan ein sikre informasjon, men også synleggjere dette både frå tida som har vore, og tida som kjem.

Kor lenge har du arbeidd med arkiv, og IKA Kongsberg spesielt?

Frå 2002

Er det nokre av IKA Kongsberg sine tenester som har vore spesielt viktige for dykk, og kan du seie noko om kvifor?

IKA Kongsberg har alltid gitt oss gode tenester, om det er små eller store spørsmål. Arkivarbeid i ein liten kommune kan vere eit ganske einsamt, krevjande arbeid og då har det vore godt å ha IKA i ryggen som støttesspelar og fagleg ressurs.

Godt samarbeid: Nissedal kommune er én av våre 39 eiere. Samarbeidet med våre eierkommuner er svært viktig

Korleis har samarbeidet med IKA Kongsberg påverka dykkar eige arkivarbeid??

IKA Kongsberg har alltid vore ein pådrivar både for motivasjon, kunnskap og samarbeid, men også til å bidra med å finne gode løysingar innan arkiv.

Har du nokre spesielle opplevingar du vil framheve frå samarbeidet med IKA Kongsberg?

Har mange gode opplevingar, men vil særleg trekke fram alle dei dyktige tilsette! Det er alltid gode svar, rask responstid og god hjelp å få når ein tek kontakt.

Kva er dine forventingar og ynskje for samarbeidet vidare med IKA Kongsberg?

Eg forventar og har tru på at det gode samarbeidet fortsett slik som nå og at IKA fortsetter å vere ein pådrivar for samarbeid, kunnskap og fagleg ressurs med tyngde for eigarane.

Kva tenkjer du om utviklinga til arkiv i åra som kjem?

Arkivarbeid vil bli viktigare og viktigare for framtida. Digitalisering pågår for fullt, og nye tekniske og digitale løysingar kjem på løpande bånd, og dette set store krav til at vi klarar å innhente og ta vare på dokumenta og forvalte desse på ein god måte.

Kva trur du vil prege utviklinga i arkivfaget i åra som kjem?

I samband med at vi blir meir og meir digitale vil ein sjå at arkiv og IT i større grad må samarbeide. Ulike sak/arkivsystem, avanserte samhandlingssystem, AI og andre digitale løysingar på tvers og anna tekniske løysingar vil kome, så ein er avhengig av god dialog og brei kunnskap innanfor båe desse arenaene.

Her kan du finne oversikt over hvilke arkiver vi har fra Nissedal kommune:

Nissedal kommune på Arkivportalen

Oversikten over hvilke andre arkiver vi har, finner du under arkivkataloger.

På Digitalarkivet kan du finne digitaliserte versjoner av noen av våre kilder.